Let seg ikkje stoppa av kuldegrader
Ein gong i veka kastar Wenche Thorsen og ein gjeng tøffe damer frå Etne seg i fjorden for å få seg ein forfriskande dukkert. Om gradestokken viser fire minus er ikkje noko hinder.
Det er laurdag føremiddag og fire bitande kalde minusgrader har festa sitt kalde grep over Skjersvik i Etne. I sjøkanten står seks friske damer og gjer seg klar til vekas faste sjøbad. Kledd i varm strikkelue, tjukke sokkar og badedrakt vassar dei ut i det kalde sjøvatnet som i dag viser 4 plussgrader, og med stor iver kastar dei seg ned i isvatnet. For somme er målet å ta nokre svømmetak, medan andre nøyer seg med å halda kroppen under vatn ei kort stund. Badeøkta blir ikkje langvarig denne januardagen og etter nokre kalde minutt set dei kursen mot land, blide og nøgde over eigen innsats.
—Eg blir så glad av å bada, seier Wenche Thorsen og gnir handduken over den våte kroppen for å få varmen tilbake.
—Eg føler med litt uovervinneleg når eg har klart dette. Eg klarar å overvinna noko