Leiar Anders Felde og nestleiar Marianne Nordhus i Vestland bondelag meiner det nå er gode grunnar til eit solid løft for vestandsbonden.Pressefoto
Landbruksoppgjeret: Bøndene forventar reell lønsvekst
— Det er uhaldbart at inntektsveksten til matprodusentane over tid ikkje held tritt med lønsveksten til andre grupper i samfunnet, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde, i ei pressemelding før årets jordbruksforhandlingar.
Felde viser til ei samanstilling av tala frå Budsjettnemnda for jordbruket frå 2015 til 2021og at perioden 2015 til 2019 er prega av ingen auke i prisen på husdyrprodukt.:
Nesten 10 prosent nedgang i prisen på svinekjøt grunna ubalanse i marknaden, 2 proent lågare pris på mjølk grunna nedgang i etterbetaling og låg auke i målpris for å styrke konkurranseevna i høve import samt auka omsetnadsavgift for å finansier utkjøpsordning. Verst har utviklinga vore for sau og lam med om lag 20 prosent redusert pris i perioden 2015-2019. Dette kombinert med ein høg kostnadsvekst gav smalhans i økonomisk utvikling i denne perioden.
Heile inntektsveksten til jordbruket i perioden 2015-2021har i praksis kome i kjølvatnet av koronapandemien, som førte til store reduksjon i grensehandelen, auka sal, betre prisar gjennom marknadsbalanse og reduksjon i utgifter til mellom anna diesel og renter.