Vesle Olivia (4 mnd.) er fornøgd i armane til mamma Eileen Pedersen Selland. Lite veit ho enno om pandemiåret ho blei fødd i.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Lågaste fødselstal på ti år
Lite tyder på at koronapandemien har fått par til å søkja saman i halmen». Trass nedstenging, meir heimetid og færre sosiale arenaer, blei fjorårets lokale fødselstal dei lågaste på ti år.
Fire månadar gamle Olivia er ein søt liten blidfis, som såg dagens lys på Haugesund sjukehus i september i fjor. Midt mellom to store smittebølgjer i pandemiåret som kjem til å gå inn i historiebøkene, og bli hugsa for framtida.
Allereie i mai i fjor kunne ein lesa i Dagens Næringsliv at mange unge vaksne truleg kom til å utsetja eller la vera å få barn no på grunn av pandemien, og dei spådde at fødselstala kom til å gå ned. Mykje kan sjå ut til at desse spådommane har slått til, for både i Etne og i Vindafjord har det ikkje vore fødd så få barn som i 2020 på meir enn ti år. Olivia var eitt av 32 barn i Etne kommune som blei fødd i fjor, og i Vindafjord såg 81 barn dagens lys.
— Då Noreg stengde ned 12. mars, var eg allereie gravid med Olivia og dette svangerskapet var mitt tredje. Eg er svært glad for at eg ikkje var førstegongsfødande når tida blei som ho blei. Eg har tenkt mykje på dei mødrene som har venta sitt første barn oppi det heile, seier Eileen Pedersen Selland (29).