Øystein Børve fekk både kake og andre gåver då overtakinga av Gjerde gard blei markert fredag, to dagar før han formelt overtar garden. Foto: Grethe Hopland Ravn
Øystein Børve fekk både kake og andre gåver då overtakinga av Gjerde gard blei markert fredag, to dagar før han formelt overtar garden.

La 11,5 millionar på bordet for nabogarden

Øystein Børve er ikkje meir enn 18 år gamal, og søndag overtar han Gjerde gard i Etne. 11,5 millionar kroner har han lagt ut for landbrukseigedomen, og har både planar og pågangsmot som bonde.

Publisert Sist oppdatert

Eit stort påspandert kakestykke smakar godt når representantar frå både Nortura, Tine, Fiskå mølle og Etne bondelag møter på tunet på Gjerde gard i Etne, for å gratulera den ferske bonden med ny gard. Søndag overtar Øystein Børve garden, som ligg side om side med garden han sjølv er oppvaksen på. Seljar er Jens Birger Gjerde.

— Eg har alltid vore interessert i dyr og maskinar, og har gått på landbruksskule på Voss. Planen var i utgangspunktet å studera jus, eller å bli veterinær, for i utgangspunktet hadde eg ikkje gard å overta. Det var bror min som hadde odel på foreldra mine sin gard, seier 18-åringen.

Men når nabogarden kom for sal, slo han like godt til. Dermed studerer han dette året til full studiokompetanse med realfag, og neste år vil han gjennomføra vinterlandbruksskulen i Ryfylke for å bli agronom.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS