Skånevik kyrkje har fått både ny gravplass og minnelund. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Skånevik kyrkje har fått både ny gravplass og minnelund.

Kyrkjegard i ny drakt

Med utvida gravplass, eigen namna minnelund og eit stilfullt oppgradert uteområde har kyrkjegarden i Skånevik fått eit etterlengta løft.

Publisert Sist oppdatert

Kyrkjegarden ved den kvitmåla langkyrkja frå 1900 midt i Skånevik sentrum har lenge hatt behov for fleire gravplassar, og for eitt år sidan starta arbeidet med å utvida området mot sjøsida av kyrkja. I dag er den tidlegare unytta delen av kyrkjetomta, som i stor grad bestod av ein tilgrodd skråning, forvandla til eit innbydande parkområde omkransa av ein solid og staseleg gråsteinsmur mura av Rennesøy-stein og med eit svart Bergensgjerde i smijern på toppen. Ein skjermande ligusterhekk er planta langs gjerdet og dannar ei fin ramme rundt den nye gravplassen der det er gjort plass til 119 nye kistegraver og åtte urnegraver med eige gravminne. I tillegg er det anlagt ein eigen gravlund med plass til 144 urner i namna minnelund. Ein namna minnelund er graver i eit felt med felles minnesmerke, og ved gravlunden i Skånevik er det gjort plass til namnefelt og urnefelt langs den eine langsida av kyrkja. Små stålplater der namnet på den avdøde kan rissast inn er festa til steinmuren og like ved er det sett av eit grøntområde der urnene kan setjast i jorda. Minnelunden er beplanta med staudar og klatreplanter som kyrkja har ansvar for. Ein minnelunden er eit godt alternativ til dei tradisjonelle gravene der pårørande sjølv må syta for stell og vedlikehald, og er blitt stadig meir brukt over heile landet.

— Når ein skal etablera nye gravplassar skal ein ha namna minnelund, og det er kyrkja som skal stella plassen, fortel kyrkjeverge Aud Jorunn Baustad og håpar å få liknande løysingar på plass også i Etne.

Lettstelt

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS