Kvelertak valde ABC-studio
Bandet som til vanleg fartar verda rund med konsertar, fekk ein ufrivillig og lang pause då koronapandemien sette inn. Dei valde ABC-studio i Etne som tidlegare var barneskule, til å starta innspelinga av sitt femte album.
— Det er rart å spela inn denne plata i akkurat det same rommet som eg hadde min aller første skuledag. Eg har alltid hatt lyst til å koma tilbake hit, for å spela inn musikken vår her, for dette må vera verdas kulaste studio, seier han, mens han mimrar litt med Kvelertak-vokalist, Ivar Nikolaisen om korleis det var å gå på gamleskulen» på slutten av 80-talet.
Skulle turnera i to år