Metallrockaren Erlend Hjelvik frå Vikedal har slutta i Kvelertak og skriv i eit ope brev at det ligg personlege grunnar bak. Mellom anna ønskjer han å utforska nye moglegheiter og gå nye vegar
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kvelertak-Erlend sluttar
I eit ope brev til fansen på Facebook skriv vikedalsbuen at det blant anna er nødvendig for han å gå sine eigne vegar.
Sluttar brått
— Grunna omstende utanfor min kontroll, kjem eg ikkje til å ha moglegheit til å opptre på våre siste fire konsertar som er planlagt i Noreg denne sommaren. Eg beklagar overfor festivalarrangørane og fansen som hadde planlagt å få med seg desse konsertane», skriv han vidare.