Er du førebudd på kva du skal gjere dersom du mistar dekninga på telefonen din?
Illustrasjonsfoto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Kva gjer du om du mistar kontakten?
Beredskapsråda som anbefaler oss å ha nok mat og vatn for ei veke er nok kjent for mange. Men har du tenkt over kva du gjer om du mistar mobil- og internettilgangen?
Beredskapsråda som anbefaler oss å ha nok mat og vatn for ei veke er nok kjent for mange. Men har du tenkt over kva du gjer om du mistar mobil- og internettilgangen?
– Mange av oss har blitt gode på å lagre vatn og mat i kjellaren, og å følgje råda til myndigheitene om beredskap, men vi trur kanskje færre førebur seg på kva dei kan gjere for å sikre tilgang på mobil og internett når til dømes uvêret rammar eller krisa treff, seier Svein Scheie, tryggingsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), i ei pressemelding.
Nyleg publiserte Nkom ein rapport som peiker på at Noreg står overfor fleire trugslar mot den digitale infrastrukturen.