Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kuttar i sosiale ordningar

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord kommune går magrare tider i møte. Skatteinntektene er inne i ei negativ utviklingsperiode og dei statlege overføringane er redusert. Berre skatteinntektene aleine utgjer ei endring på 14 millionar frå 2016 i negativ retning.

— Me må ta inn over oss dei rammevilkåra me har for å driva kommunen. Nedgang i skatteinntekter og endra inntektssystem er våre hovudutfordringar. Bakgrunnen for forslaget er å skapa balanse i drift og i tillegg skapa handlingsrom, sa rådmann Kristian Birkeland då han la fram økonomiplanen for 2017 til 2020 som inneber forslag til samla kutt og omfordeling på 17 millionar over to år.

To av områda som vert råka av sparekniven er frivilligsentralen og lokale kriminal og rusførebyggjande tiltak i form av SLT-koordinator stillinga. Begge desse er føreslått nedlagt. Bortfall av frivilligsentralen vil gje ei direkte innsparing av på 260.000 kroner, og i tillegg kjem bortfall av statlege midlar på opp mot 500.000 som staten ikkje lenger bidreg med i støtte til kommunane.

Powered by Labrador CMS