Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse orienterte kommunestyret tysdag.

22,1 millionar i pluss for Etne kommune

Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse la fram eit historisk sterkt årsresultat for kommunestyret tysdag, og viste til at Etne kommune i 2025 leverte tidenes beste resultat med 22,1 millionar kroner i pluss. 

Han sette tala inn i ein større samanheng og minna om at kommunen i 2022 hadde eit overskot på 2,11 prosent, tilsvarande 9,3 millionar kroner, før det i 2023 blei redusert til 0,32 prosent og 1,4 millionar i pluss, mens resultatet i 2024 igjen styrka seg til 1,79 prosent og 8,6 millionar kroner. Sekse understreka at 2025-resultatet ikkje er eit einskildsår som plutseleg har slått ut, men eit resultat av fleire år med strategisk arbeid, tydelege prioriteringar og eit samla grep om økonomistyringa. 

Han takka også dei tilsette i administrasjonen for målretta arbeid over tid og understreka at resultatet er eit lagarbeid, der både strategiske dokument, medvitne prioriteringar og disiplinert budsjettarbeid har lagt grunnlaget for det historiske overskotet.

Powered by Labrador CMS