Varaordførar i Etne Kenneth Karlsen (f.v.) har engasjert stortingsrepresentant Helge André Njåstad i kampen mot utbygging av høgspentmaster i Etnefjellet. Nå har Njåståd kontakta olje- og energiminister Marte Persen om saka. Her er Karlsen og Njåstad med stortingsrepresentant og partikollega i Framstegspartiet Terje Halleland på stand under Etnemarknaden ved eit tidlegare høve.
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Kurs mot Stortinget
— Eg er audmjuk og svært glad for tilliten eg har fått frå nominasjonskomiteen, seier vågsbuen.
Det er først og lokallaga i nordfylket som har sytt for at Halleland no styrer mot fast plass på tinget, men han veit han har støtte også i sørfylket.
Nominasjonsmøtet er rett nok ikkje før i desember, og stortingsvalet ikkje før neste haust. Men sjansane for at vindafjordingen kan førebu seg på på fast plass på rogalandsbenken i nasjonalforsamlinga, er høge. I inneverande periode har Rogaland Frp tre plassar. I perioden før hadde dei fire.