Kur som kjennest

Me konstaterer med ei viss glede at det ikkje står så ille til som først […]

Publisert Sist oppdatert

Me konstaterer med ei viss glede at det ikkje står så ille til som først trudd og at nedskjeringane på budsjettet blir mindre enn dei varsla ni millionane på drifta. Men når 16 stillingar skal fjernast, rett nok utan oppseiingar, er det all grunn til å frykta at det vil gå ut over tenestetilbodet til innbyggjarane. Blant anna med lengre behandlingstid når folk og næring ber om behandling av bygge- og reguleringssaker.

Forventingane om at to fattige kommunar skulle få meir å rutta med var store då Vindafjord og Ølen blei slått saman. Dette er ikkje blitt innfridd, og neste års budsjett er prega av at nye» Vindafjord framleis har ein veg å gå. Drift av ni skulekrinsar har sin pris, men me har forståing for at politikarane vegrar seg for å gå laus på ei omstrukturering som garantert vil ramma utkantane. Innføring av eigedomsskatt er eit anna verkemeiddel som vil letta på trykket. Ein slik ekstraskatt er omstridd, men vil gjera det enklare for kommunen å selja inn behovet for meir statlege midlar. Me skjønar rådmannen godt når han ber politikarane ta denne handsken opp igjen.

For det Vindafjord nå treng er varige tiltak som gjer at ostehøvelen» ikkje må takast i bruk årleg. Den mykje nytta metoden er ei dårleg løysing når den stadig blir gjentatt. Konsekvensen er gradvis redusering av kommunal service og tiltak. For skulane er det positivt at rådmannen opnar for 65 millionar kroner i investeringar på utbygging og betre inneklima i Skjold, Vikedal og Ølen. God nok plass og frisk luft er viktig for å få til god lære. Samstundes skal det kuttast i fem lærarstillingar som lett vil gå ut over innhaldet. Me håpar at dette ikkje rammar dei svakaste som har behov for spesialpedagogiske tiltak og nærare oppfølging.

— God tur
Me ønskjer elevar og lærarar ved Ølen vidaregåande skule god tur på reisa til Korosten i Ukraina. Innsamlingsaksjonen som blir gjennomført for sjette gong, er både nyttig og lærerik.

Powered by Labrador CMS