Ølensjøen FUS barnehage har jobba iherdig med å læra barna ulike konsept, ord og ei betre forståing av alt frå blanding av ulike fargar til læra om følelsar og konfliktløysing gjennom bokprosjekt i mange år. Det siste halvåret har avdelinga frå 0-3 år spesielt lært karakterane, Unni og Gunni å kjenna. Dei er to pingvinar som finn på masse kjekt som barna kan vera med på.
— Unni og Gunni kommer til alle tider og hjelpe oss, seier pedagogisk leiar Vibeke Gundersen. Ho har ei eiga stillingsprosent dedikert som motivator og inspirator i alle avdelingane i barnehagen. Ho lærar både vaksne og barn korleis ein kan jobba med bøker for å auka leselysta, men også korleis ein kan nytta lærdomen i dei i kvardagen saman med barna.
Leseglede for store og små