Kom i julestemning med song og musikk
Mange flinke musikarar spelar fine juletonar for å få folk i Grannar-distriktet i julestemning. Ein kan oppleva barnesong, mannskor, messing, godt etablerte kor og eit eige prosjektjulekor.
Det nærmar seg jul og med det så følgjer det med julekonsertar på kulturplakaten. Dei skal det vera fleire av i distriktet.
Den 12. desember er det julekonsert i Etne kyrkje. Då kan ein høyra KM-karane, Etne Musikklag, Etne Skulekorps og Etne kyrkje sitt prosjektkor.
Skakkekoret syng i Etne kyrkje 17. desember, og den 15. desember er det julekonsert med lokale krefter i Skånevik kyrkje.
25 år i Skjold