Klipper, spinn og strikkar
Rundt kvar tredje månad finn Anne Magda Handeland fram krakk og frisørsaks, og gjer seg klar til å trimma ulla på angorakaninane ho har gåande i bur heime på garden på Sandeid. Dei uvanleg lodne skapningane ser ikkje ut til å ha noko imot å få pelsen stussa, og står fint og roleg på bordet medan matmor forsiktig let saksa gli gjennom den tjukke pelsen.
— Dei likar å bli klipt, men når eg kjem til ansiktet og halsen er det ikkje alltid dei er like begeistra, seier ho og tek eit godt tak rundt kaninkroppen for å få bukt med siste rest av ull rundt beina og på magen etter at hovudet er ferdig frisert.
Ein snau halvtime seinare er all ull borte og kaninen kan igjen kikka ut i verda utan forstyrrande ullhår rundt auga.