Klimaendringar set høgare krav
Grannar treff Bergsvåg, som både er politikar og lokal byggmeister, på Sørstranda i Etne. Der driv han for tida med utbetring og renovering av oppvekstheimen, eit eldre hus som høyrer familien til. Hovudarbeidet til nå har vore på utsida: skifertak, veggkledning og meir. At ikkje regn og fukt skal trenge gjennom og lage problem er då eit sentralt omsyn.
— Me ser at hus som har halde tett tidlegare ikkje heilt gjer det nå lenger. Regnet kjem i sterkare konsentrasjonar over kort tid, og med sterk vind blir vasstrykket enda sterkare, seier Bergsvåg.
Det er då langsiktige klimaendringar som truleg er forklaringa, og desse er jo ikkje på veg til å snu i overskodeleg framtid.