NMK Vikedal inviterer til sesongopning ved det flotte anlegget i Vikedalsdalen denne helga.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Klart for nye motorbrøl
Komande søndag er det kart for sesongopning på Vikedal Motorbane og den opnar med andre runde i Vestlandsmesterskapet for både bilcross og rallycross. Det er i tillegg over 60 deltakarar som skal vera med, og dei lokale crosskart-førarane vil køyra eit gjesteløp dagen etter deira første NM-runde i Skien.
Landsfinale i august
Første runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross gjekk allereie av stabelen 7. april i Bergen med brukbare resultat for NMK Vikedal-førarane under ganske vanskelege forhold. Best var Oliver Andre Matre med fjerdeplass i senior, mens Ailin Vik og Sølve Østbø begge køyrte inn til femteplass. Alle desse kvalifiserte seg til dei respektive landsfinalane som går i august, i Skien for junior og i Verdal for senior. I juniorklassen debuterte Bjørn Cato Aarekol med ein 11. plass. Dei andre finalistane i seniorklassen var Sigbjørn Østbø på 9. plass, og Eirik Sandvik på 11.