Kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne kommune og kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Klare for ny vaksinerunde
Folkehelseinstituttet har tidlegare denne månaden gått ut med råd om ein femte vaksinedose mot koronaviruset til eldre over 75 år og sjukeheimsbebuarar dersom det er gått meir enn 6 månader sidan forrige dose. Smitteutviklinga utover våren og sommaren er ifølgje FHI usikker, men det er sannsynleg at det blir aukande smitte i løpet av dei nærmaste månadane.
— Det er sterkt å anbefala at dei som blir tilrådd tek vaksinen. Også ein del med kronisk sjukdom har fått råd om å ta 5. dose, og dei har alt tatt, seier kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord kommune.
For å beskytta dei som er blir ramma hardast av ei eventuell ny bølgje rår FHI til ein ny oppfriskingsdose. Sidan det er dei eldste som er mest utsett for alvorleg sjukdom og fordi effekten mot alvorleg sjukdom avtar over tid meiner FHI det er grunn til å tilrå aldersgruppa 75 år og eldre ein ny dose. Det er også sannsynleg at aldersgruppa 65 år og eldre, og personar med underliggjande risikotilstander vil ha behov for ei ny oppfriskingsdose til hausten, før vintersesongen. Ifølgje Folkehelseinstituttet bør det gå meir enn seks månadar sidan førre dose og vaksineringa bør gjennomførast i løpet av april.