Asbjørn Opedal (t.v.), Solveig Kvamme, Norunn Tesdal og Osmund Gravelsæter likar å vere ein del at Etne Frivlligsentral.
SVEIN-ERIK LARSEN
Klare for å feire 20 frivillige år
— Eg har verdas kjekkaste jobb, seier dagleg leiar
Solveig Kvamme i Etne Frivilligsentral.
Markeringa blir på
Skånevik Fjordhotel onsdag 11. februar. Feiringa blir med mat og drøs. Blant
deltakarane er alle daglege leiarar sidan oppstarten, ordførar Mette Heidi
Bergsvåg Ekrheim, styremedlemmer og frivillige.
Frivilligsentralen er ei
stifting som er grunnlagd av Etne kommune, Etne Røde Kors og Skånevik sokneråd.
Stiftelsesdatoen er 16. august 2005. Kvamme fortel at markeringa blei utsett
til 2026 fordi ektemannen hennar var sjuk og døydde i 2025, noko som gjorde at
ho måtte handtere den situasjonen først.