Klar for ny innsamlingsrunde
Om lag kvar 14. dag går det ein trailer frå THK sitt lager på Karmøy til Ukrainia fullasta med kler, sko, madrasser, ulltepper og anna utstyr som trengst i det krigsherja landet. Også vedomnar, straumaggregat, brukte ambulansekøyretøy, utstyr til sjukehus, aldersheimar og barneheim har blitt med på lasset opp gjennom åra. Sidan 2022 har THK sendt om lag 150 hjelpesendingar til landet i aust, og framleis er behovet stort.
— Me samlar inn fortløpande og tek imot sekker året rundt, og ein gong kvar vår har me innsamling i Etne og Vindafjord, seier Jan Erik Matre.
73-åringen frå Skånevik har vore med i stiftinga i over 20 år og tek også i mot sekker heime dersom folk har noko dei ønskjer å levera utanom dei faste innsamlingsaksjonane. Sekkene blir så levert til hovudlageret på Bygnes på Karmøy. Matre har også sete bak trailerrattet fleire gonger for å få hjelpa fram, og han kan sjølv bekrefta at alt kjem fram til rette mottakarar.