André Hustoft Nesheim (t.v.) og Madeleine Tverberg frå Team Yosef møtast til knockout.
Foto: Robert Dreier Holand/TV 2
Klar for knockout
I knockout er det, i likskap med i duellane som skjoldabuen avanserte frå sist, to og to deltakarar frå kvar mentor sitt lag som kjempar mot kvarandre. Men her syng dei ikkje duettar, og vel sjølv låta dei skal synge. Og i knockout kan ikkje mentorane stele» deltakarar frå andre lag.
Her er det mentoren (Yosef Wolde-Mariam frå Madcon) som tek eit val om kven av dei to deltakarane som skal gå vidare. Det er med andre ord vinn eller forsvinn. Deltakarane som går vidare frå knockout er klare for direktesendingane, som startar 29. april.