Elin Tvedt.
Foto: Espen Solli/TV 2
Klar for Farmen
Elin Tvedt (48) frå Ølen er blant dei tolv som er valt ut til å vere med på Farmen kjendis» i programmet sin sjuande sesong. Ølensbuen blir å sjå på TV 2, der ho i mange år var vêranker, i 2023.
Innspelinga er allereie i gang. Dei tolv kjendisane er flytta inn på Steinsjøen gård, på grensa mellom Hurdal og Østre Toten kommune. I litt over fem veker skal forpaktarane drive garden slik gardar blei drivne for 100 år sidan.
– Årets cast er ein herleg gjeng med kjendisar. Det er tolv ulike personlegheiter med variert bakgrunn og erfaringar som dei tek med seg inn på garden. Me gler oss til å sjå dei ta fatt i gardsarbeidet på nydelege Steinsjøen gård, seier programredaktør i TV 2, Kathrine Haldorsen.