Folkemøtet om Dommersnes industriområde samla halvfull sal på bygdehuset i Vikebygd.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Folkemøtet om Dommersnes industriområde samla halvfull sal på bygdehuset i Vikebygd.
Ordførar Ole Johan Vierdal og Jørgen Jorde i Windafjord Port AS orienterte om utbyggingsprosjektet.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ordførar Ole Johan Vierdal og Jørgen Jorde i Windafjord Port AS orienterte om utbyggingsprosjektet.
Bjarne Jensen og Elin Magdalena Mæland frå Motvind Tysvær møtte opp for å protestera mot vindmølleplanane.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bjarne Jensen og Elin Magdalena Mæland frå Motvind Tysvær møtte opp for å protestera mot vindmølleplanane.

Klar for byggestart på Dommersnes

Torsdag blei det klart at Statsforvaltaren har stadfesta kommunen sitt vedtak om byggeløyve av den første fasen av utviklinga av Dommersnes industrifelt i Vikebygd. Det kom fram under informasjonsmøtet på bygdehuset.

Publisert Sist oppdatert

Med klarsignalet for byggeløyve for fase 1i boks er det planlagt anleggsstart i september/oktober. Arbeidet består i planering av eksisterande område på Dommersnes, og er venta å ta rundt halvanna år.

— Det er viktig å visa at me er klar for å ta imot aktørar og me håpar det kan vera interesse for fase ein, seier ordførar Ole Johan Vierdal etter at svaret frå Statsforvaltaren er klart.

Ordføraren stilte opp saman med leiar i Windafjord Port AS for å informera om mellom anna reguleringsplan og konsekvensutgreiing for ei eventuell vidare utbygging av industrifeltet. Folkemøtet i regi av Dommersnes AS/Windafjord Port på bygdehuset i Vikebygd samla ein drygt halvfull sal med interesserte bygdefolk, politikarar og representantar frå Motvind Noreg, og mange av dei frammøtte fekk høve til å lufta sine tankar kring utviklinga av industriområdet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS