På tampen
Kjerringa mot KI-straumen
Tanken var å skrive ein klok og reflektert tekst om kunstig intelligens. Heretter kalla KI. Du veit, det høgaktuelle temaet som er på alle sine lepper og skjermar om dagen. Algoritmar på sosiale media og tekstgenererande program som ChatGPT er berre den spede byrjinga, blir det sagt. Dette er ei rivande teknologisk utvikling som kjem til å endre liva våre for alltid. Men medan teknologioptimistar omfamnar utviklinga og leikar seg med alt som KI kan generere, så strittar eg imot. Eg klarar rett og slett ikkje å like KI. Nå skal det seiast at eg er ganske bakstreversk i utgangspunktet. Eg var seint ute med å skaffe meg mobil, og eg spådde at Facebook skulle bli eit forbigåande døgnfloge. Så feil kan ein ta. Du bør altså ikkje høyre på meg når det gjeld teknologisk utvikling. Du er hermed advart.
Så langt er eg langt frå begeistra. Eg gremmer meg over tåpelege KI-genererte illustrasjonar, og den håplause automatisk KI-tekstinga. Dersom noko er KI-generert mistar det all verdi for meg. Då er det kunstig. Ikkje ekte. Men alle rundt meg seier at KI-toget går for full fart allereie, og det er umogleg å hoppe av eller snu. Og det er jo ingen tvil om at ulike KI-verktøy kan bli – og sikkert allereie er – nyttige verktøy for oss. Så er eg berre i ferd med å bli gammal, eller kva er det som gjer at eg strittar imot?
Vel, eg kan prøve å forklare. Eg trur motstanden min handlar om at me allereie lever i eit samfunn med stadig mindre menneskeleg kontakt. Ein stadig større del av liva våre skjer digitalt og utan mellommenneskeleg interaksjon. Stadig meir blir fiksa på nett med eit klikk, utan å møte eit einaste blikk. Også ute i den fysiske verda blir det stadig meir QR-kodar og sjølvbetening. Snart (kanskje allereie?) kan ein vel kontakte ein KI-generert fastlege, skrive inn symptoma sine og få forslag til diagnose og behandling i retur. Utan å møte eit blikk, utan å veksle eit ord. Nyleg las eg ein artikkel som hevda at KI verkar meir empatisk og hjelpsam enn norske legar. Menneske versus maskin. Håret reiser seg i nakken min. Korleis kan KI vere empatisk? Eg trur rett og slett ikkje at dette er bra for oss. Eg trur me treng meir – ikkje mindre – menneskeleg kontakt. Utvikling er uunngåeleg, ja – men kva utvikling ønsker me oss? Og kven styrer denne utviklinga? Er me allereie handlingslamma slavar av Elon Musk, Mark Zuckerberg og resten av dei mektige teknologi-gigantane? Kanskje me kan spørje ChatGPT…
I helga var eg og søstrene mine på eit arrangement med dokumentarfilmskaparen Deeyah Khan. I filmane sine møter Khan menneske ho er djupt ueinig med, for å finne ut kva som ligg bak høgreekstremisme og radikal islamisme. Hennar hovudbodskap er at me må tvihalde på det menneskelege. Me må bli kjent med og respektere våre meiningsmotstandarar, ikkje dehumanisere dei. Me treng dialog, ikkje distanse. Fellesskap, ikkje oss-og-dei. Alle ser kva retning verda går i nå. Meir polarisering, meir ekstremisme. Ei verd med krig og konflikt. Er det verkeleg heilt tilfeldig at denne samfunnsutviklinga skjer samstundes og parallelt med den teknologiske utviklinga og KI-kappløpet? Vel, eg kan ta feil igjen. Men ein ting kan eg love deg. Og det er at denne teksten aldri skal bli generert av kunstig intelligens. Då får det heller bli ekte dumskap.