Rektor Astrid Førsund håpar at mange vil vera med og feira jubileet til Vågen skule. Arkivoto: Jon Edvardsen
— Kjekk tilbakemelding
Skulen i Ølensvåg har over tid totalt sett betre resultat på elevane sine karakterar og skulen sitt bidrag til elevane si læring enn andre skular i Etne og Vindafjord.
— Undersøkinga gir eit litt annleis bilde enn berre reine karakterar, og den er også ei vurdering av skulane sitt bidrag. Det er kjekt å få ei tilbakemelding på at vi gjer ein god jobb, det set både eg og dei andre tilsette pris på, seier rektor Astrid Førsund ved Vågen skule.
Vågen har småskulesteg og mellomtrinn, medan ungdomsskuleelevane i bygda går på Ølen skule.