Banksjef Magne Christiansen på SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Kapitalgapet mellom kvinner og menn består
Kvinner eig ein stadig større del av fondssparinga, men menn dominerer framleis i aksjemarknaden. På sjølvaste kvinnedagen peikar banksjef Magne Christiansen på at kapitalgapet mellom kjønn handlar om løn og spareevne.
Ifølgje AksjeNorge eig menn framleis heile 80 prosent av verdiane på Oslo Børs. I SpareBank 1 Sør-Norge er fordelinga jamnare når det gjeld fondssparing: Kvinner står for 45 prosent, mens menn eig 55 prosent. Når det kjem til enkeltaksjar, er forskjellen likevel større – berre 31 prosent av verdiane er på kvinnene sine hender.
Menn sparer meir kvar månad
Det same mønsteret ser ein på sparevanane. Gjennomsnittleg månadleg spareavtale i fond er 1.800 kroner for kvinner og 2.500 kroner for menn. Ifølgje Christiansen skuldast dette i stor grad at kvinner framleis tener mindre enn menn.