Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) i Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

— Kan bruke skogfond til opprydding av vindfall

NPK: Landbruksdirektoratet varslar at skogeigarar kan nytte skogfond til å dekkje underskot ved opprydding av vindfall.

Vilkåret er at tiltaket er skadeførebyggjande eller naudsynt for å sikre ny forynging av skogen.

Stormen 19. november i fjor førte til at mellom 1,5 og 1,7 millionar kubikkmeter tømmer måtte gi tapt for vinden. Det er viktig å rydde opp vindfelt tømmer raskt for å berge verdiar, samstundes som ein unngår omfattande billeskadar på skogen utover våren og forsommaren.

Fleire skogeigarar har varsla at dei var urolege for at mykje vindtelt skog kan bli liggjande, der arbeidet med oppryddinga gir underskot.

— Eg håpar at moglegheita for å bruke skogfond fører tll at færre skogeigarar kvir seg for å bestille opprydding av vindfelt skog, og at vi dermed kan redusere faren for billeskadar, seier landbruks- og matminister Sanra Borch (Sp).

Skogfond, som fram til 2005 vart kalla skogavgift, er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvalting av skogressursane.

Powered by Labrador CMS