Julestemning på teaterframsyning
Julesnøen kom som bestilt, då det lava ned med snø i det Sandeid barne – og ungdomsteater var klare for premiere på juleframsyninga med sin versjon av barnemusikalen Putti Plutti Pott.
Den andre av i alt fire førestillingar med juleeventyret Putti Plutti Pott på Sandeid samfunnshus var fylt av små og store som ville ha med seg den velrenommerte juleførestillinga som teatergruppa i Sandeid steller i stand år etter år.
Publikum i alle aldrar
— Er dette det fjerde eller er det femte året med Putti Plutti Pott?, spør den mangeårige teaterinstruktøren, Jostein Apeland seg sjølv, idet han ynskjer publikum velkomen.
Han legg til at alder har ingen hindring når det gjeld teater. Og kan fortelje at i år er aldersspennet på scena frå 9 til 82 år.
Alder har ingen hindring når det gjeld teater
Den like aktuelle juleframsyninga og eventyret om nisseguten Putti Plutti Pott er spela av Vilde Holter Owe på ein framifrå måte med song og mykje replikkar igjennom førestillinga. Det var tydeleg at det gledde publikum i salen. Putti Plutti Pott har med seg trylleskjegget til sjølvaste nissefar og reiser til menneskebarna Petter spela av Theo Simlenes, Leah Næss som Karoline og Anna Løhaugen som onkel Per. Alle med berande roller og med mykje fin song. Alle nissebarna jobbar iherdig med å gjere ferdig alle julegåvene i tide. Juleverkstaden vrimla av hardtarbeidande skjønne smånissar som måtte bli ferdige med alle julegåvene til menneskebarna. Det byr på mange forviklingar i den snødekte skogen med Rudolf som kjem med reinsdyra og lurer på mykje rart. Og kven er så den nissen som gøymer seg bak solbrillene som i tillegg syng så fint på mange av dei kjente og kjære songane frå musikalen, som Per Asplin skreiv og komponerte for over femti år sidan. Scena hadde mange flinke og engasjerte skodespelerar med talent og songstemmer.
Stemningsfull adventstid
Ungdommane Jørgen Stueland Larsen (13) og Markus Furseth (13) frå Sandeid, såg musikalen sist den vart sett opp med teatergruppa, og har i tillegg kjente med på scena i år.
— Me syntes dei var flinke i år også, og har hatt ei kjekk stund i salen, kvitterte dei begge idet dei gjekk ut døra der inngangspartiet var pynta som ein juletreskog av grantre med stemningsfulle lys og nissar innimellom.
Det var tydeleg at alle dei 31 skodepelerane var flinke og fekk fram både bodskapet i stykket med engasjerande aktivitetar og sceneskift der tekst og fine songar minna mange om adventstid og julestemning. Barna i salen såg ut til å like den nesten nitti minuttar lange førestillinga, som baud på spennande detaljar og mykje fin song.
Ein framtidsdraum
— Eg gler meg til eg blir ni år, for då kan eg også få vere med på teater og stå på scena, seier ei oppglødd Thea Langelid (8) der ho kom ut etter førestillinga saman med søskenbarnet sitt Jan Reidar Skeie Bjørkhaug (5) som ikkje heilt har tatt stilling til om han er klar for scena enno.
— Det var kjekt å sjå kva alle smånissane fant på, kvitterte han smilande og fornøgd.
Det er utan tvil mange involverte hjelparar som er delaktige og engasjerte for at ei slik flott førestilling kan bli til glede for så mange publikummarar kveld etter kveld. Sandeid barne- og ungdomsteater har klart det igjen; å gleda små og store i ei hektisk førjulstid.
2