Måndag morgon venta fleire spent på at Sofrid Frette skulle koma jobb og få seg ei skikkeleg overrasking. Elisabeth Langeland Sævareid, fagforeiningsleiar i Etne, Martha Gro Håland, styrerepresentant i Fagforbundet i Etne og Ingunn Jacobsen frå Fagforbundet i Hordaland var tre av dei som sto og venta. Med seg hadde dei både ei stor marsipankake, ein blomsterbukett, diplom og eit gåverkort.
— I dag skal me heidra Soldrid Frette fordi ho gjekk til topps i kåringa om årets reinhaldar i Hordaland. Me fekk inn forslag til over 80 kandidatar i Hordaland, seier Jacobsen som er leiar for Seksjon Samferdsel og Teknisk i fylket.
Ho kan også røpa at Frette, som er reinhaldsleiar i Etne kommune, kom på 2. plass i kåringa nasjonalt.