Leiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune, Marit Ø. Ilstad.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Jobbar for å minske lekkasjetap
I Skjold forsvinn 50 prosent av vatnet i lekkasjar.
Einingsleiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune, Marit Ilstad, seier at Askøy-saka blir diskutert også i Vindafjord kommune. Men ho forsikrar at det kommunale drikkevatnet jamt over held god kvalitet.
— Men det er ikkje noko me tek for gitt. Vatn er vårt viktigaste næringsmiddel, og å produsere og levere reint vatn er ei stor og viktig oppgåve for kommunen, og det er vi bevisste på, understreker ho.
Ho fortel at blir tatt månadlege prøver av vatnet, og at kommunen følgjer ein plan for prøvetaking som er utarbeidd i samråd med Mattilsynet.