Stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Ivrar etter å bidra
Bikkar Senterpartiet 10 prosent oppslutning har ho gode sjansar for å få Stortinget som sin nye arbeidsplass når valet er over. For 28 år gamle Lisa Marie Ness Klungland (Sp) er ventetida knapt mogeleg å halda ut.
— Nå er eg klar for å handla. Desse dagane kan ikkje gå fort nok, seier Lisa Marie Ness Klungland og tel timar og minutt til resultatet av årets stortingsval er klart.
Vindafjordingen står som nummer to på stortingskandidatlista til Rogaland Senterparti og er sikra ein stortingsplass om valresultatet endar over 10 prosent. Så langt har dei fleste meiningsmålingane slått positivt ut for partiet og ifølgje ei gjennomsnittsmåling for september ligg Senterpartiet an til å få 12,7 prosent oppslutning. Det er ein oppgang samanlikna med valet for fire år sidan då Sp fekk 10,3 prosent av stemmene.
— På den siste målinga var eg inne. Me har vore på veg opp den siste veka. Eg er optimist og har trua, seier ho spent.