Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Populær fotballeir i Ølen med ventelisteOppvarming er viktig. Her har instruktør Reidar Austrheim med seg dei eldste gutane på leiren
Fotball er ein aktivitet som er populær blant barn på tvers av bakgrunn. Her frå ein fotballeir i Ølen. ARKIVFOTO

Integreringstøtte til frivillige

Publisert Sist oppdatert

— Det er ynskjeleg at tilskotsmidlane kan gjere det meir fleksibelt for lag og organisasjonar å opprette nye aktivitetar, tilpasse opplegg, leggje til rette for meir inkludering av flyktningar og førebyggje einsemd. Tilskotet kan nyttast til tiltak retta mot flyktningar i alle aldrar, men kommunen oppmodar særskilt til søknader som fokuserer på inkludering av einslege vaksne, skriv Vindafjord kommune på nettsida si.

Søknadsfristen er 15. april, og tilbakemelding kjem innan 1. juni. Søknadene blir vurderte av integreringstenesta og rådgjevaren for kultur og idrett. Mottakarar av tilskot må sende ei kort oppsummering av korleis midlane er nytta, og kva effekt dei har hatt, innan 31. januar 2026.

Kommunen viser til at det er blitt busett rekordmange flyktningar i Vindafjord dei siste åra. Dei ynskjer å leggje til rette for at lag og organisasjonar i kommunen kan bidra til integrering og inkludering av flyktningar.

Powered by Labrador CMS