38-09-brann vats

Innrømde eldspåsetjing

Ein mann i 40-åra har innrømd å ha tend på ein bustad i Åmsosen i Vats i 2009. Saka er kopla til konfliktane kring opphogging av oljeinstallasjonar i Vatsfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Den domfelte var med i ei lokal miljøverngruppe på tidspunktet då ein bustad som var under renovering brann opp natt til 21. mai 2009. Han gav under ei tilståing i Haugaland tingrett måndag denne veka uttrykk for at han vart manipulert i miljøet han vanka i, dette ved at andre hadde snakka om å setje fyr på bustaden til ein bestemt person. Samtidig sa han i retten at handlinga vart gjort av ham på eiga hand, men at det var er eit resultat av påverknad.

Drakk mykje alkohol

Sjølve handlinga skjedde same natt som domfelte var på ein privat fest i Vats. Andre medlemmer av miljøverngruppa var òg på festen, men det skal ikkje ha vore snakk om sanksjonar mot eigaren av den aktuelle bustaden på festen. Etter at domfelte hadde drukke store mengder alkohol gjekk han likevel heim for å hente ein sykkel og ei bensinkanne med fem liter bensin. Han sykla så nokre kilometer til den aktuelle bustaden og då han kom fram helte han bensin langs framsida av bustaden, på den ein kortsida og langs muren før han tende på. Etterpå sykla han tilbake til festen og fortalde kva han hadde gjort. Festen vart umiddelbart oppløyst då dei skjønte at han snakka sant om kva som hadde skjedd. Den domfelte angra på kva han hadde gjort, men nekta for å ha noko med brannen å gjere då han seinare vart konfrontert med mistanken. Dette for å skåne eit familiemedlem som på tidspunktet var sjuk, sa han i retten. Men han hadde hatt dårleg samvett for det han gjorde i åra som følgde. 5. mai i fjor innrømde han saka i ein samtale med ein slektning til den fornærma, noko som er bakgrunnen for at etterforskinga vart teken opp av politiet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS