Liv Ellen Ebne er ikkje SLT-koordinator for Vindafjord lenger frå årsskiftet. Ho arbeider blant anna opp mot politiet, og tidlegare lensmann Ingvar Gjærde åtvara i fjor sterk mot konsekvensane av å kutte SLT-stillinga.
Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Ingen revers for SLT i Vindafjord
Samarbeidet mellom Etne og Vindafjord om SLT-ordninga blir avslutta etter årsskiftet. Vindafjord vil pulverisere ansvaret for å førebyggje rus og kriminalitet, medan Etne vil halde fram med ein koordinator i eigen regi med dette ansvarsområdet.
Vindafjord har i fleire år hatt avvikling av SLT-ordninga på dagsorden, og kommunen sitt bidrag til den interkommunale stillinga har hengt i ein tynn tråd. Ønsket om å bryte samarbeidet med Etne har vore å spare pengar, og at Vindafjord kan utføre eit tilsvarande arbeid på eigen kjøl.
Ved årsskiftet er oppseiingstida for avtalen over og Vindafjord bidrar ikkje lenger til stillinga som koordinator for samordning av lokale tiltak mot rus og kriminalitet (SLT). Arbeidet handlar først og fremst om å hindre ei løpebane med rus og kriminalitet blant unge i aldersgruppa 13-19 år. SLT er ein modell for samordning av tiltak.
Samarbeidet mellom dei to kommunane starta i 2008.