Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Masseproduksjonen av vindturbinar på Jelsa i Rogaland kan leggje grunnlag for eit nytt industrieventyr og 7.000 nye arbeidsplassar, ifølgje styreleiaren for prosjektet. Foto: Windworks Jelsa
Masseproduksjonen av vindturbinar på Jelsa i Rogaland kan leggje grunnlag for eit nytt industrieventyr og 7.000 nye arbeidsplassar, ifølgje styreleiaren for prosjektet.

Industrieventyr på gang i Suldal

NPK: Masseproduksjonen av vindturbinar på Jelsa i Rogaland kan leggje grunnlag for eit nytt industrieventyr og 7.000 nye arbeidsplassar, ifølgje styreleiaren for prosjektet.

— Dette er ikkje berre eit løft for Jelsa og Suldal, men for heile Rogaland, seier Geir Ims, styreleiar i WindWorks Jelsa (WWJ) til Stavanger Aftenblad.

Nyleg spelte WWJ inn eit enormt utbyggings- og sysselsetjingsløft til kommuneplanen til Suldal kommune. I rapporten antydar ein at anlegget ved full utbygging, kan bli arbeidsplass for 7.600 tilsette, ifølgje Aftenbladet.

— På sikt ønskjer vi at arbeidsplassen skal gjere det meir attraktivt å busetje seg i Ryfylke. Vi har tru på at dette kan leggje grunnlaget for eit nytt industrieventyr for Rogaland og Noreg, seier Ims.

I Ryfylke (Hjelmeland, Kvitsøy, Sauda, Strand, Suldal) bur det i dag omtrent 24.500 personar. Suldal kommune åleine har omtrent 3.800 innbyggjarar og Jelsa 250.

Powered by Labrador CMS