Fullstendig fastlåst meiner ordførar Ole Johan Vierdal om forsøket på å få Haugesund kommune til å akseptere ei oppseiingstid i Haugaland brann og redning etter at kommunen melde seg ut i juni 2018. Haugesund vil ikkje betale. Foto: Jon Edvardsen
Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal forsvarar Senterpartiet sitt vedtak om å lukke døra for SV i eit regjeringssamarbeid etter valet i september. Samstundes trur han realiteten kan bli at SV blir invitert inn dersom alternativet for Sp og Ap aleine blir å regjere i mindretal.

Ikkje redd for raudgrønt kaos

Vindafjord-ordførar og Senterparti-politikar Ole Johan Vierdal støttar partiet sin strategi om å lukke døra for SV i regjering. Men han trur det fort kan bli ei raudgrøn trepartiregjering likevel.

Publisert Sist oppdatert

Etter at Senterpartiet gjorde det klart at partiet ikkje lenger vil ha Sosialistisk Venstreparti med rundt bordet ved ein eventuell valsiger i september, er raudgrønt kaos blitt hefta ved opposisjonen sitt alternativ.

Sp vil berre gå i regjering med Ap, medan sistnemnde også vil ha SV med. Og SV på si side gir klar melding om at dei ikkje vil støtte ei regjering som skal shoppe fleirtal til høgre og venstre, alt etter som det passar.

Trekløveret var ei suksessoppskrift i 2005 og 2009, med eit tett samarbeid og klart alternativ.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS