Vindafjord idrettsråd i 2023. Frå venstre: Erling Øygard, Jarle Skrunes, Nils Reimers, Stian Haugland og Ingvild Skare frå idrettsrådet på synfaring før møtet i Vats. (Utover desse sit Asbjørn Aarekol, Bjørn Morten Stokka og Lena Gåsdalen i rådet).
ARKIVFOTO: VINDAFJORD IDRETTSRÅD
Lesaren melder
Idrettsrådet rettar blikket framover»
Meiningsutvekslingane ligg bak oss og idretten i Vindafjord gler seg over at gjenreisinga av symjehallen i Vats er i gang. No er det endeleg mogeleg å rette blikket framover og ta idretten i Vindafjord vidare.
Dette var innleiinga til Vindafjord idrettsråd sitt møte i SK Vats 94 sine lokale den 19. oktober. Leiar i rådet, Nils Reimers kunne fortelje at sut for ein evigvarande prosess rundt ny symjehall no er snudd til glede over ei travel byggetomt.
Idrettsrådet har som oppgåve å vera bindeledd mellom idretten og kommunen. Både politisk og administrativt. Rådet sorterer under Rogaland idrettskrets og høyrer til Noregs Idrettsforbund sin administrative del.