Idrettslaga er vinnarane
Synne Merete Mæle Dei to idrettslaga har så langt fått 8.838 og 7.321 kroner meir […]
Dei to idrettslaga har så langt fått 8.838 og 7.321 kroner meir rutte ein månad etter at ordninga blei innført. Sjølv om Klypetussen og Skjoldar tronar på topp av statistikken over størst overskot til klubbkassa så langt, er det Etne IL som har desidert mest givarar i Etne kommune.
Heile 78 personar har til no gitt sin støtte til idrettslaget i Etne. Skånevik IL hamnar på ein andreplass med 27 givarar. I Vindafjord kommune er givargleda størst til Ølen idrettslag. 80 personar har gitt 5 prosent av den samla tippesummen til laget. Skjoldar IL kjem ut som ein god nummer to med 60 gjevarar.
Stor interesse
Styreleiar i Etne IL, Oddvar Åsheim, er glad og takksam over at så mange har valt å støtte klubben.
— Etne IL hadde omlag 620 medlemme i fjor, og dei fleste familiar i bygda har barn som på ein eller anna måte er involverte i laget, seier Åsheim om ein mogleg grunn til at interessa har vore så stor. Inntektene til Etne IL har til no kome frå penge- og sponsorstøtte, dugnader og medlemskontingent.
— Pengane skal bli brukte til å leggje forholda betre til rette for medlemmene våre. Til dømes flyttar me inn i det nye kulturhuset. Treningslokalet me disponerar i dag er lite og sprengt, seier han. Styreleiaren har berre godord å seie om grasrotordninga, og det faktum at ordninga ikkje rører ved gevinsten, eller er til ulempe for dei spelande.
Laurdag er tippedagen
På Diversen Sport i Ølen er det lite tippeaktivitet tysdag formiddag. I følgje Gerd Irene Kvamen som driv butikken, spelar dei fleste litt seinare på dagen. Laurdag er den store tippedagen med Lotto som hovudtrekkplaster.
— Eg har ikkje merka noko auke i tippeiveren hjå folk, men det har berre vore positive tilbakemeldingar å spore hjå kundane. Ifølgje Kvamen er det enkelt å støtte favorittklubben eller organisasjonen din. Alt du trenger er spelekortet frå Norsk Tipping, som blei obligatorisk frå februar av, og namnet på lokallaget du vil støtte.
Kriteriet er at laget eller organisasjonen må ha registrert seg i Frivillighetsregisteret som blir drive av Brønnøysundregistren, innan første februar i år.
Ivrige etnebuar
I 2008 hadde Norsk Tipping ei omsetning på omlag 6,5 millionar i Etne kommune, og 10,3 millionar i Vindafjord. Ein gjennomsnittleg etnebu tippa i fjor for 1.688,- kroner, medan vindafjordingane var litt meir tilbakehaldne, og tippa i gjennomsnitt for 1.274 kroner.
Basert på dessa tala kan lag og organisasjonar i Etne kommune rekne med å få inntekter på omlag 325.000 tusen kroner årleg. I Vindafjord fordeler omlag 500.000 tusen kroner seg mellom dei ulike laga.
Per dags data, ein månad etter at Grasrotandelen blei innført, har ordninga ført til 31.439 kroner ekstra i klubbkassane i Vindafjord. I Etne kommune med innbyggartal på det halve av Vindafjord, er tala 30.978 kroner så langt. Folk i Etne er med andre ord ivrigare tipparar enn vindafjordingane.