Jan Idar Haugen (Sp) vil behandle søknad for søknad kva gjeld vindkraft. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Jan Idar Haugen (Sp) under eit kommunestyremøte.

Politikarpraten

— I 2025 må me lage ein plan for eldreomsorga i kommunen

Grannar har bede politiske gruppeleiarane i kommunestyrene i Etne og Vindafjord både om sjå tilbake på 2024, og inn i glaskula for 2025. I dag er det Jan Idar Haugen frå Vindafjord Senterparti sin tur.

Publisert Sist oppdatert

Kva lokalpolitiske sak blir den viktigaste for deg i 2025?

— I 2025 må me lage ein plan for eldreomsorga i kommunen. Me skal ha gode tenester og må sjå på korleis me kan organisere dette når det vert fleire eldre i åra som kjem.

Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?

— Den saka som har tatt mest tid og vore vanskelegast, er budsjettet for 2025. Kommunen må ha eit budsjett, og det har vore krevjande prioriteringar.

Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattere med, og kvifor?

— Eg likar debattar der me kan finne fleirtalsløysingar til det beste for kommunen, gjerne på tvers av politiske skiljelinjer og posisjon-opposisjon. Det er stort sett ein god tone i vindafjordpolitikken. I opposisjonen har eg ofte nytte av å diskutere saker med gruppeleiar Modolf Haraldseid. Han er løysingsorientert og konstruktiv.

Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framsnakka/framheva?

— Eg har lyst til å framsnakka dei unge. At dei brukar fritida si og viser så stort engasjement, imponerer meg. I mitt eige parti er Trygve Espevold ein stødig politikar med lang erfaring, trass sin unge alder. Monica Nesheim er ein ny og engasjert politikar. Høgre sin Håvard Rørtveit er både kommunestyrerepresentant, leiar i kontrollutvalet og fylkespolitikar! Det er viktig og flott med god rekruttering i politikken.

Kven vinn stortingsvalet til hausten, og kvifor?

— Slik det ser ut no, er det Høgre og Frp som ligg best an. Det har vore ein krevjande periode, der den raudgrøne regjeringa nok vert straffa for både det dei kan gjere noko med, og det dei ikkje kan skuldast for.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS