Hundre Vats-jobbar i fare
I tre år har bedrifta kjempa mot tollsystemet i EU om ein inngang for DVI […]
I tre år har bedrifta kjempa mot tollsystemet i EU om ein inngang for DVI (digital video surface) på displaya. I verste fall må produksjonen fllyttast til utlandet, skriv Haugesunds Avis.
Hatteland Display AS, som i fjor omsette for 340 millionar, har 160 tilsette; 140 av desse i Nedre Vats. Ein stor del av staben er polsk arbeidskraft. Verksemda produserer datamonitorar til den internasjonale marknaden og er inne i ein kraftig ekspansjonsperiode.
Selskapet blei i fjor seld ut av Jakob Hatteland-gruppen og er nå eigd av eit stort norsk investeringsfond.