Hyttekulturen står sterkt i Noreg, og vi har tradisjonelt sett ikkje leigd ut hytta. Kanskje det er på tide å revurdere hyttebruk og eigarskap? Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Hyttekulturen står sterkt i Noreg, og vi har tradisjonelt sett ikkje leigd ut hytta. Kanskje det er på tide å revurdere hyttebruk og eigarskap?

Høge straumprisar påverkar hyttebruken

Nær halvparten av hytteeigarane seier i ei undersøking at høg straumpris påverkar bruken. Leig ho ut, lyder rådet frå forbrukarøkonom.

Publisert Sist oppdatert
Rundt 2500 kundar med eiga hytte svarte på undersøkinga frå Gudbrandsdal Energi om korleis straumprisane påverkar dei.

Nesten halvparten, 48,5 prosent, oppgir at høge straumprisar har ført til at dei i stor eller svært stor grad brukar hytta mindre.

Ein av seks – 17 prosent – seier at dei har vurdert å selje hytta som ei følgje av høge straumprisar.

La nokre andre bruke hytta

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl kan forstå at folk synest det blir dyrt å bruke straum på hytta.

– Samtidig kostar hytta framleis mykje pengar når ho står ubrukt. Det kan jo koste fleire hundre kroner dagen å berre eige ei hytte, med lån, avgifter og vedlikehald. Det taksameteret går heile tida, sjølv om du ikkje bruker straum til å varme opp, seier ho til NTB.

– Mitt råd er å ikkje la hytta stå ubrukt. Leig ho heller ut, så får du dekt nokre utgifter, seier Sandmæl.

Viss du bruker fritidsbustaden din delar av tida sjølv, kan du leige han ut andre delar av året for inntil 10.000 kroner skattefritt.

– Tener du over 10.000 kroner, må du skatte av 85 prosent av overskridande beløp. Leiger du ut hytta i så stor grad at det må reknast som utleigehytte, må alle leigeinntekter skattast av, seier økonomen.

Heit marknad

Dei fleste hytter står faktisk ubrukte størstedelen av året.

– I motsetning til nabolanda våre er nok vi nordmenn litt meir eigesjuke. Tradisjonelt sett har nordmenn verken leigd ut hytta eller bustaden sin, seier Sandmæl.

No er likevel noko på glid.

– Vi ser at med trongare økonomi, har utleigemarknaden vorte mykje, mykje større for alt frå hytte og hus til bil og snøfresar.

Kategorien fritidsbolig til leie» på FINN var i fjor meir besøkt enn nokosinne, endå utleigeprisane hadde auka.

– Lysta på noregsferie har halde fram hos nordmenn, sjølv om det er litt dyrare enn før. Og utlendingar nyt godt av at kronekursen har svekt seg dei siste åra, seier Sandmæl.

Leige eller eige

Dei siste åra har utgiftene auka for hytteeigarar: vedlikehald, kommunale avgifter, eigedomsskatt, avdrag og renter på lån, forsikring, festeavgift og straum – det meste har vorte dyrare.

Sandmæl tilrår at folk tenkjer nøye gjennom om dei eigentleg treng å eige ei hytte viss dei synest det er for dyrt å bruke ho.

– Kva er formålet med hytta? Vi kjøper eller beheld ofte hytta for å ha ein familiestad som skal gå i arv i generasjonar. Men er det nødvendig? Du kan få mykje meir for pengane til dømes ved å leige eller dra på utanlandsferiar på bra hotell for prisen det kostar å ha ei hytte.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS