– Vi har ei artsforvalting som berre fokuserer på å maksimere kjøtproduksjon og jakt, utan å ta omsyn til dei økologiske konsekvensane av ekstremt høge hjortebestandar, seier Håpnes til Nynorsk pressekontor.
Han meiner tilnærminga er for lite oppteken av å tenkje på heilskapen av økosystemet, og difor overser den negative påverknaden på andre artar.
Eitt av dei mest synlege problema av å ha ein stor hjortebestand er at dyra beitar ned viktige treslag som alm og ask. Biologar har i årevis åtvara om at hjorten fjernar unge tre, noko som truar overlevinga til desse treslaga. Dei øydelegg òg store og biologiske verdifulle tre når dei gneg av mykje bork for å få mat om vinteren.
– Ask, alm, rogn og selje er betydeleg reduserte i fleire område på grunn av store hjortebestandar, til og med i naturreservat. Dette truar mange andre artar som er avhengige av desse trea, som insekt, sopp og andre dyr. Ein del av desse artane er også raudlista og trua, og som blir endå meir truga av overbeiting frå hjorten.
Vil ha regional forvaltning
Ein stor hjortebestand fører også til dyrevelferdsproblem.
– Dyra blir magre på grunn av for lite beite. Vi ser auka vinterdøying og fleire viltpåkøyrslar, seier Håpnes.
For å løyse problemet foreslår Naturvernforbundet ein drastisk reduksjon av hjortebestanden, nokre stader så mykje som ei halvering. Forbundet meiner òg at forvaltinga må skje på regionalt nivå – ikkje kommunalt. Dette kjem av at hjorten kan trekke over store område, på tvers av kommunegrenser, mellom vinter- og sommarbeite.
Håpnes understrekar at Naturvernforbundet ikkje er mot jakt eller bruk av vilt som ressurs.
– Det handlar ikkje om å vere mot kjøt og jakt, men om å ha ei forvalting som ikkje berre fokuserer på éin art, men som tek nødvendige omsyn til påverknaden hjorten har på økosystem og det biologiske mangfaldet i tråd med naturmangfaldlova.
Stortingssak i vår
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) svarar i ein e-post at han er kjend med utfordringane med høge hjortebestandar i delar av landet.
– Forvaltninga av hjort skjer lokalt, og det er kommunen som er lokal viltmyndigheit. I høyringsforslaget til ny viltressurslov er det gjort framlegg om reglar som vil gi kommunane fleire verkemiddel i hjorteviltforvaltninga. Det gjeld mellom anna krav til rapportering og ein meir aktiv bruk av fellingsløyve for å nå fastsette forvaltningsmål. Det gjeld òg reglar om fastsetjing av lokale føresegner om regulering av viltbestandar ved særeigne tilhøve, skriv statsråden.
Målet er å leggje fram ein lovproposisjon for handsaming i Stortinget i denne vårsesjonen.
(NPK)