Martin Fitje (t.v.) og dagleg leiar Lars Hovda og resten av dei SMV-tilsette feira storkontrakten med kake.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Historisk kontrakt for SMV
SMV i Skånevik har fått sin største kontrakt nokon sinne. Det sikrar full sysselsetting i eitt år framover, og ein god til ein skikkeleg kakefest.
Etter lang tid med tørke i dei fleste marknadene SMV leverer sine produkt og tenester til, raude tal og permitteringar, er det endeleg lysning for hjørnesteinsbedrifta i Skånevik. No har dei vunne den største enkeltkontrakten i verksemda si historie.
Fredag sist veke var dagleg leiar Lars Hovda og teknisk sjef Martin Fitje ved SMV på Hydro sitt hovudkontor på Vækerø i Oslo for å signere kontrakt om levering av eit system som skal motta anodeboksar og reinse brukte anodar. Tysdag kom gladmeldinga til dei tilsette. Maskinen skal brukast i produksjonen ved det nye pilotanlegget på Karmøy.
Utvikla lokalt