Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Olav Vagle.

Minneord: Olav Vagle

Livsvegen her på jord tok slutt for Olav Vagle 19. mars. Vandringa varde i 93 år. Olav fekk eit langt, godt og engasjert liv. Han vaks opp og budde på Vagle i Ganddal det meste av levetida si, men i åra 2008 til 2024 var han busett i Skjold. Han døydde på Kleppheimen.

Olav var odelsgut, men valde snikkar- og tømrarfaget. Byggmeisteren Olav Vagle stod for bygging av løer, hus og endå større bygg. Han hadde eit særleg auge for lærlingane sine. Han likte å læra frå seg og gav mang ein ungdom mot og lyst til å halda fram med å reisa byggverk.

Byggande aktivitet galdt ikkje berre det materielle for byggeleiaren Olav Vagle. Han engasjerte seg heilt frå unge år i kristent arbeid. Eit skjelsetjande år hadde han på folkehøgskulen Hurdal Verk, eit anna i Tysklandsbrigaden. Ungdomslaget ved Ebeneser i Ganddal leia Olav Vagle i mange år.

Powered by Labrador CMS