Påskefrokost samla små og store i barnehagen
Borda var dekka med alt
som høyrer påska til: ferskt brød og rundstykke, eggerøre, spekemat og anna
godt for både små og store. Dei tilsette fortel at dagen starta tidleg, allereie før klokka 06.00 – for å få alt klart til barnehagen opna klokka 06.45.
— Det er kjekt å kunne samle alle til ein slik morgon, seier ein av dei tilsette.
Rundt
i rommet var det dekka med fargerik påskepynt laga av barna sjølve, noko som
sette eit ekstra personleg preg på feiringa.