Bonde og landbruksrådgjevar Bård Oliver Gjellestad håpar graset har klart seg gjennom den kalde vinteren.
Irene Mæland Haraldsen
Landbruk
Tidleg gjødsling er avgjerande
Eit par månader med
barfrost har sett sine spor på bøen og skal graset bergast, trengst det gunstige
vekstforhold framover.
— Det har vore ein kald og hard
vinter, hardare enn me er van med. Det har vore kaldt over tid, noko som viser
igjen på bøen. Det er vanleg at graset er kome godt i gang på denne tida, men i
år er det mykje kortare, seier rådgjevar Bård Oliver Gjellestad i Norsk
Landbruksrådgining i Ølen.
Han er litt spent på om det er liv i graset, men ser
ikkje heilsvart på situasjonen. Ein dose gjødsel kan berga der meste, men før
skiten kan spreiast ut trengst det opphaldsvêr.