Her vil bilistane køyre
Fleirtalet i Skjold vil bruke gamlevegen i Skjoldavik for å kome seg mellom dei ulike delane av bygda. Samstundes meiner nærmare 40 prosent at tilhøva for mjuke trafikantar ikkje er så god.
Det viser ei spørjeundersøking i regi av Vindafjord kommune der eit fleirtal meiner trafikktilhøva i bygda er svært god, eller god, for både mjuke trafikantar og bilistar. Men samstundes er det eit stort mindretal tett på 40 prosent som meiner tilhøva er lite god eller svært lite god for mjuke trafikantar. Tilsvarande er det nærmare 55 prosent som meiner situasjonen er god eller svært god for denne trafikkgruppa.
Eit venta svar
Undersøkinga handlar om når skjoldabuen flyttar seg i bil, til fots eller på sykkel mellom bustad og barnehage. For svært mange er det strekninga mellom Isvik og hagebyane, og Vikaneset der skule og barnehage, idrettsanlegg og Skjold Arena er plassert. Det er ein stor, dagleg trafikk.