Butikkmedarbeidar Vilija Kisle merkar auka handel for Prix i Sandeid med at det er meir travelt i periodar. Ho har ansvar for fruktdisken.
Foto: Jon Edvardsen
Her har handelen tatt av
Varehandelen gjorde eit hopp i første halvår, og Prix i Sandeid Handelslag har hatt ein vekst på nærmare 20 prosent totalt i år. Vindafjord har ein vekst på 12,2 prosent, og Etne 5,5 prosent.
Denne veksten er målt i omsetning per innbyggjar i landets kommunar, og det er uvanleg at Vindafjord er langt over Etne. Jokeren kan vere korona.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå gjekk detaljhandelen i Noreg opp med 15 prosent i første halvår.
Blant kommunane i regionen er det få som når opp i ein slik vekst.