I Grannar er det ein tradisjon å kåre årets beste sommarbilete blant lesarane. Konkurransen er no godt i gang, og i biletserien øvst i saka kan du bla deg gjennom bidraga som er sendt inn den siste veka. Her er det regn og sol, natur og folk. Eit sommarbilde kan romme mykje forskjellig. Hugs å sende inn nye bilde kvar veke, til foto@grannar.no
Grannar vel ut dei tre beste bileta som kjem inn kvar veke, og alle dei tre blir premierte med eit flaxlodd. Førsteplass går i tillegg vidare til finalen. Konkurransen blir avgjort gjennom avrøysting, og vinnaren får eit gåvekort på 2.000 kroner i ein lokal butikk.
På topp denne veka finn du biletet av vesle Tomine Håkull (2). Blomekransen ho har på hovudet, er eit skikkeleg sommarteikn. Fotografen er Astri Håkull, og biletet er teke på ein nydeleg sommardag på naustet i Skjold.