Hatteland. Handel og elektronikk gjennom 150 år» er tittelen på boka som tek føre seg utviklinga til slekta Hatteland og deira forretningsverksemd som starta med ei krambu ved fjorden i Nedre Vats for 150 år sidan. Boka gjev eit godt innblikk i livet til fire generasjonar Hatteland og korleis dei trødde stien for å skapa si eiga bedrift i eit lite lokalsamfunn ute på landsbygda. Over 400 sider med lokalhistorie er samla mellom to permar, og her kan ein lesa om livet på det gamle ullspinneriet, om den første krambua ved fjorden og om dei mange forretningspartnerane handelsmennene med etternamn Hatteland dreiv handel og samarbeidde med.
Forfattar
Boka er ført i penn av historieprofessor og Nils Olav Østrem frå Skjold. Han er tilknytt universitetet i Stavanger og har migrasjonshistorie som hovudområde, i tillegg til lokalhistorie.